SFO: Det er innrekna 4 timar gratis SFO i ordning for alle i 1.-4. klasse. Dette er på grunn av skuleskyssen.
Måltall: 4 timar gratis SFO per veke
SFO: Kommunen skal gi tolv timar gratis skolefritidsordning per veke for elevar på 1. til 3. trinn som har plass i ordninga.
Måltall: 12 timar gratis SFO per veke, 1.–3. trinn
SFO: Kommunen skal gi tilbod om gratis skolefritidsordning for elevar med særlege behov på 5. til 7. trinn.
SFO: Kommunen skal etter søknad redusere foreldrebetalinga for skolefritidsordninga på 1. til 4. trinn slik at ho per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet.
Måltall: Maks 6 % av hushaldinntekt
Kulturskule: Det er 40 % syskenmoderasjon for barn nr. to, og 50 % for barn nr. tre og oppover.
Måltall: 40 % moderasjon barn nr. 2, 50 % barn nr. 3+
Byggesak: Tidlegare har byggjemelding og ferdigattest vore fakturert kvar for seg, noko som har ført til at fleire bygningar framleis manglar ferdigattest. Når det inngår i det samla byggjesaksgebyret vil det stimulere til at fleire leverer slik attest.
Renovasjon: Ved heimekompostering kan ein søkje kommunen om fritak for matavfallsdunken.
Vassforsyning: For å sikre vassforsyning frå kommunale vassverk, kan det i tørkeperiodar væra nødvendig å innføre restriksjonar på vatning.