Økonomi: Drifta i 2026 skal vere i økonomisk balanse
Økonomi: Omstillingsplan I: innsparingsbehov på kr 27 million og nedtrekk på 27 årsverk
Måltall: 27 mill. kr / 27 årsverk
Økonomi: Omstillingsplan II må ha ein effekt med kr 13 million for 2027 – med effekt frå 1. august 2026
Måltall: 13 mill. kr
Klima – kommunen som samfunn: Kommunen som samfunn har oppnådd delmål 1 i gjeldande klimaplan: reduksjon i klimaavtrykket på 13,6 % frå 2015 til 2023
Måltall: Reduksjon frå 28 011,3 til 24 184,5 tonn CO2e (13,6 %)
Klima – kommunen som samfunn: Kommunen som samfunn skal ha ein reduksjon på 26 % frå 2015 til 2026
Måltall: Maks 20 728 tonn CO2e (26 % reduksjon frå 2015-nivå)
Klima – kommunen som organisasjon: Kommunen som organisasjon bør ha ei målsetting i 2026 om ein reduksjon i kommunalt klima-avtrykk på 6,7 %
Måltall: 2 903,5 tonn CO2e
Digitalisering / AI: AI-agent for tilsette fasast inn til dei tilsette våren 2026
Digitalisering / AI: Sjå på moglegheiten for at elevar kan ta KIKI MR (trygg AI-agent for skulane) i bruk i 2026
Digitalisering / AI: Indeksering av filer i Sharepoint, Onedrive og Outlook for å effektivisere arbeidsprosessar
Digitalisering / AI: Bruk av MCP (Model Context Protocol) for samhandling mellom datasystem
Klima – sanntidsrapportering: Sanntidsrapportering av CO2e for kommunen som organisasjon kjem på plass til 1. mars 2026
Organisasjon: Optimal drift av kommuneorganisasjonen – sjå om dei ulike avdelingane driftar optimalt
Organisasjon: Ny kartlegging av arbeidsmiljøet i 2026
Organisasjon: Straumlinjeforme organisasjonen ytterlegare – flytte administrasjonsressursar ut i tenestene
Organisasjon: Gjennomføre risikovurderingar ved endringar knytt til nedtrekk, organisasjonsendringar og innføring av AI
Investering: Låneramme på 24 550 000 kr til finansiering av investeringsprosjekt i 2026, med 30 år nedbetalingstid
Måltall: 24 550 000 kr
Investering: Låneopptak for inntil 25 000 000 kr til Startlån i 2026
Måltall: 25 000 000 kr
Skatt: Skatt på inntekt og formue for forskotspliktige skattytarar vert skrive ut med maksimalt skattøyre
Gebyr: Byggesaksgebyra vert justert i samsvar KPI, gjeldande frå 1. januar 2026
Oppvekst: Ordninga med sommar SFO vert forsøkt gjeninnført
Omsorg: Moglegheit for å få til midlar øyremerka til aktivitetar/materiell/utstyr for bebuarar på omsorgssenteret og på Syvdetun
Demografi / folkevekst: Kommunestyret ber om at administrasjonen vurderer insentiv for skatte-/avgiftsreduksjon/tilskot for yrkesaktive som får fleire enn 2 barn
Arealutvikling: Kommunestyret ber om at administrasjonen har ei positiv innstilling til søknader om private tomter i alle bygdelag
Plan: Ferdigstille arealdelen til kommuneplanen – sluttbehandling hausten 2026
Internkontroll: Sikre at det er etablert rutinar, at desse er kjend av alle tilsette og at avvik blir meldt inn og følgt opp i Compilo