Økonomi – driftsresultat: Netto driftsresultat i prosent av brutto driftsinntekter, korrigert for betalte ekstra avdrag på lån – større enn 2 %
Måltall: > 2 %
Økonomi – lånegjeld: Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekter – mindre enn 125 %
Måltall: < 125 %
Økonomi – fond: Disposisjonsfond i prosent av brutto driftsinntekter – større enn 10 %
Måltall: > 10 %
Økonomi – gjeldsreduksjon: Redusere den totale lånegjelda frå 589 millionar kroner ved inngangen til 2026 til 507,5 millionar kroner ved utgangen av 2029
Måltall: 507,5 mill. kr ved utgangen av 2029
Økonomi – ingen nye lån: Kommunen tek ikkje opp lån til investeringar i økonomiplanperioden. Samla låneopptak utgjer 4 millionar til vidareutlån av startlån i 2028 og 2029.
Måltall: 0 kr i nye investeringslån
Økonomi – overføring drift til investering: Øvrige investeringar i økonomiplanperioden finansierer Vik kommunestyre ved å overføra samla 79,5 millionar kroner frå drift til investering
Måltall: 79,5 mill. kr samla
Personal – sjukefråvær: Organisasjonen arbeidar godt med målretta tiltak for å få ned sjukefråværet til eit samla måltal på 7,0 %
Måltall: 7,0 %
Personal – heiltidskultur: Flest mogleg skal tilsetjast og arbeida i heile stillingar. Unntaket er deltid.
Folkehelse – Bonden sitt Nettverk: Kommunedirektøren skal arbeide med å etablera Bonden sitt Nettverk i Vik. Nettverket skal arbeida for å førebyggje psykisk uhelse i landbruket og fungera som eit tryggleiksnett.
Folkehelse – møteplassar og sosial deltaking: Kommunedirektøren skal arbeide for å etablere nye og ta vare på eksisterande møteplassar og inkluderande aktivitetar for å fremje sosial deltaking for eldre, innvandrarar og personar med nedsett funksjonsevne.
Folkehelse – ungdom: Kommunedirektøren skal arbeide for at det vert etablert fleire møteplassar for ungdom tilpassa deira behov. Det bør tilretteleggjast for eit meir variert tilbod innan idrett og andre fritidsaktivitetar.
Folkehelse – gang- og sykkelvegar: Kommunedirektøren skal arbeide for utvikling av trygge gang- og sykkelvegar i kommunen, for å fremje og styrke folkehelsa og gjere kvardagsreiser meir tilgjengelege for alle.
Folkehelse – friluftsliv: Kommunen skal leggje til rette for heilårsfriluftsliv med låg terskel, tilpassa ulike aldersgrupper og behov, og sikre tilgjenge til turstiar og rundløyper for alle aldersgrupper.
Bustadpolitikk: Kommunedirektøren bør kartleggje bustadbehovet for å lage ein bustadsosial handlingsplan med fokus på unge, eldre og låginntektsgrupper.
Organisasjon – medarbeidarundersøking: Vik kommune skal i november gjennomføra 10-faktor medarbeidarundersøkinga, utvikla av KS. Målet er å styrka trivsel, samarbeid og kvalitet i tenestene.
Måltall: Over 80 %
Organisasjon – kompetansefond: Kommunedirektøren opprettar kompetansefond til organisasjonsutvikling: oppfølging av 10-faktor, leiarutvikling og styrking av leiarrolla, utvikling av partsamarbeid, omstilling og organisasjonskultur.
Måltall: 1,6 mill. kr
Organisasjon – kompetanseplan: Vik kommune vil i løpet av neste økonomiplanperiode ha på plass ein strategisk plan for kompetanseutvikling.
Interkommunalt samarbeid – kostnadsgjennomgang: Kommunedirektøren skal sjå på utgifter til fellesprosjekt med andre kommunar. Kjøp av tenester frå andre kommunar og IKSar. Frist for ferdigstilling til kommunestyremøte i juni 2026.
Eigarskap – eigarskapsmelding: Kommunen treng å vedta ny/revidert eigarskapsmelding. Oppgåva vert å sjå på revisjon og ny vurdering av kommunalt eigarskap i ulike selskap og interkommunale samarbeid.
Planverk – samfunnsdel: Kommuneplanen sin samfunnsdel er venta vedteken tidleg i 2026. Ved framtidig revisjon av økonomiplanen vil koplinga til samfunnsdelen bli etablert i Framsikt.
Klima: Energi og klima skal inngå som eit eige tema i kommuneplanen sin samfunnsdel, som er venta vedteken første halvdel av 2026.
Næring – bringebærprosjekt: Bringebærprosjekt – målet er å snu utvikling med fokus på dyrking av industribær på friland. Midlane skal nyttast til rettleiing, rekrutering og nyplanting.
Måltall: 250 000 kr
Inkludering – arbeidsliv: Vik kommune skal ta ansvar for å inkludera fleire i arbeidslivet, også dei som i dag står utanfor. Me vil styrka innsatsen for arbeidspraksis og utprøving.
Helse og omsorg – vikarbruk: Helse og velferd jobbar målretta for å klare drifta utan å nytte vikarar, og Kommunedirektøren har ikkje lagt inn midlar til vikar-bruk i denne økonomiplanen.
Måltall: 0 kr i vikarbruk